tirsdag 17. oktober 2017

Ønskeliste julegåver

 Drikkeflaske -gjerne med navn.
Matboks kjekt om det er plass til eit
Lite yoghurt beger i den.
Male/mat skjorte-smekke
Kvar si skohylle (yamazaki skostativ)
Modellkitt



Sofie:
 Fine perler til å lage smykke og armbånd
Bokse (helst gode joggebokser), t-skjorte, 
strømpebukse str  122-128
Aktivitets nok
Sengesett 140×200
Ellers er det berre å sette seg ned og sjå reklame på 
ein barnekanal, for ho vil ha alt :p
 Sko str 29
Neglelakk



Kristian:
 Fargeleggingsbok
   Fargestiftar
      Sengesett 140×200
       Pia&per armeband med traktor og navn 
Er veldig opptatt av traktor og dyr
Sommerlige kle
Sko str 23 kle str 98
Ingerlise:
Peike bok/ baby nok
Bite leike
Sommerlige kle str 80




Vi har litt møblar og diverse som skal kjøpast. Så pengegåve, 
gåvekort hos møbelringen, fargerike, jysk hadde våre fint :)


Ellers ønsker eg meg stryke presse og ScanNcut eller
silhouette cameo






Dåps invitasjonar


Har skjedd så mykje det siste året,
 så blogging Har eg ikkje bedrevet med.
Men det har då komt eit
 nytt familiemedlem som no skal døypast.
 Og eg har laga invitasjonar.

Hadde ein plan om å bruke den nye symaskina mi på det,
 men blei ikkje slik som eg ville så då leitte eg
 fram noko stempel og bling i staden




søndag 13. november 2016

Jobb, jobb

I byrjinga av Oktober begynte eg å 
jobbe på Blomsterkjellaren. 
Kristian begynte i Bhg med 50% 
plass. Kjekt å vere tilbake i jobb å få 
lage ting :) Og ekstra kjekt var det når eg
kom på jobb og det var ny tang i verktøybestet
mitt, før eg hadde rekt å spørre etter ny. 

 Laga forskjellige pynta hjarte. 



 Bukettar og dekorasjonar.




 Kistedekorasjon og hjarte til begravelse.

torsdag 13. oktober 2016

Shoftshelldress





 Hetta måtte av.
 Har sydd shoftshelldress til Kristian.
Litt trange armar så gikk ikkje å ha 
strikkadressen under. 

lørdag 10. september 2016

Nytt trekk til dukkevogna

Sofie har jo brukt dukkevogna si godt.
Og såte i den slik som ungar gjer.
No var det ikkje så greit å sitte i den lenger
og det var ikkje så lett å bøte på.
Kristian har fått sitte på ein gang, men 
måtte halde han slik at han ikkje datt ned. 
 Fann fram stoff og tegna av det som var
på frå før. Fikk til og med bruk for skråband
brettaren min som eg nylig har kjøpt.
 Brukte oppigjen snorene til å feste dokka.


 Då får vi håpe Sofie blir fornøgde når ho står opp i morga.
 Eg blei ivertfall fornøgde. :)

mandag 5. september 2016

Hette jakke

Prøvde meg på fora jakke til Kristian.
Likte så godt dette stoffet som eg fann på 
Stoff og stil. Begynte med godt mot tok litt bilder
og begynte å klippe. Sat på golvet ved siden av Kristian.
Blei veldig fokusert på å få minst mulig kapp
så gløymte heilt mønsteret på stoffet.
Kom på det når eg skulle klippe det siste.

Så øvre del på framstykket blei oppned og armane kvar sin
veg. Fann ut at det fikk berre vere slik. Og det viste faktisk
ikkje så godt som eg trudde. Styrte litt med å skjønne korleis eg 
skulle sy armane i, men fann det ut til slutt.
 Har klipt ut i regnstoff for å sy regnjakke. Begynte så vidt
her om dagen, men alt måtte ryddast vekk kjem fotograf
i morgon sidan vi skal selge leilegheita.

 Sydde matchande tøfler til. Målte foten før eg tekna opp
  mønsteret, men dei blei litt små alikavel. 
Har kjøpt softshell stoff og har meir igjen av regnstoffet.
Så planen er å få sydd dressar til Kristian og.